Quantcast
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879

Memento mor di

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Naughty Dog – utviklaren som har gitt oss både i pose og sekk: Pungdyret Crash Bandicoot og den blærete Indiana Jones-aspiranten Uncharted– står bak videospelet The Last of Us (PS3), eit av dei tredjepersons action-adventure-spela som eksisterer for å minne oss om at det finst plenty med farar som trugar vårt eksistensgrunnlag. Dette er – ved sida av å mate mareritta dine slik at du kan vakne i ein pøl av di eiga, kalde sveitte og kontemplere ditt undermedvitne sin appropriasjon av monstrøse metaforar for å opplyse ditt ego om alt du gjer galt i livet ditt – eit av føremåla horror-sjangeren tener, og når ikkje zombie-liknande sjuklingar á la den litt mislukka epidemi-filmen World War Z freistar å bite halspulsåra til den digitale karakteren din i filler – for å minne deg om at noko verre enn svineinfluensa kan inntreffe når du minst ventar det – dukkar det alltids opp ein pyroman pedofil kannibal ein kan stri med. Heldigvis finst det utan unntak ein utveg, og den stiga, europalla eller bjelken du og din avatar treng for å forsere det postapokalyptiske ruinlandskapet ligg ein eller annan stad i den umiddelbare digitale nærleiken, det kan du stole på.

The Last of Us har motteke bortimot universell hyllest – iallfall på Jordi – og eg skal ikkje, sjølv om eg syns Uncharted er universelt overvurdert, hevde at det ikkje fortener det. Fordi det fortener det, for etter ein litt treg start prega av litt vel mykje knot og klaustrofobisk mørke, blomstrar det omtrent halvvegs uti opp, og aukar si brennvidd slik at ein med eitt har å gjere med eit interessant stykkje digital underhaldning som byr på mogelegheita til å gjere ei rekkje irrasjonelle val som du neppe ville gjort dersom scenarioet i spelet spegla seg i røynda. Det skuffande er at ingen av dei spelbare karakterane ender opp som infisert tulling, for det ville vore vågalt og nyskapande, dersom ein dei siste timane av spelet kontrollerte eit levande lik, lik ei mørk og dyster utgåve av simulatoren Stubbs The Zombie.

Diverre har The Last of Us òg ein framifrå og svært oppslukande multiplayer-del som ein kan kaste bort tida si på, tida ein ellers kunne brukt på å sjå The Walking Dead. Hack'n'slash-eposet Remember Me (PC, PS3, Xbox360), derimot, tar ikkje så lang tid, men moro er det. Denne dystopiske visjonen av framtids-Paris, eit studium i merksnodig byplanlegging der ein mellom hakkinga og flenginga lyt forsere kløfter i det urbane landskapet for så å skode kinematografiske sekvensar der du kan skode inn i den digitale, minnetapslidande hovudpersonen si barmfagre kløft, din vesle gris, byr på innbydande audiovisuell cyberpunk-atmosfære som kvar ein sci-fi-entusuast skulle kunne setje pris på. Meir hugsar eg ikkje, utanom at det tek for seg det allmenngyldige temaet “minner”. Som Geoffrey Sonnabend (i følgje The Museum of Jurassic Technology, Los Angeles) skreiv: “We, amnesiacs all, condemned to live in an eternally fleeting present, have created the most elaborate of human constructions, memory, to buffer ourselves against the intolerable knowledge of the irreversible passage of time and the irretrieveability of its moments and events.” (Valentine Worth, 1994.) Du skjønar det, at minne med høg truskap til røynda har ikkje så mykje for seg, evolusjonsmessig. Det lønnar seg heller å kontinuerleg tilpasse dei synaptiske koplingane ein kallar minner slik at dei kan oppretthalde ein viss relevans for din eller min notidige livssituasjon. Hugs det!

Remember Me meistrar med sitt narrativ å minne oss på nokre vise ord frå vise menn, og når eg minnast The Last of Us minnast eg om I Am Alive, ein uslepen diamant som dei færraste minnast: Postapokalypse, forsering av urbane ruinlandskap, pil og bue, bitre, barske menn og små jenter. Færre udaude, fleire forsøk på å snakke fornuft over gunpoint – trussel om bruk av makt, og apropos gunpoint: Det blodferske indie-speletGunpoint (PC) handlar ikkje berre om å peike på folk med pistolar, men det òg. Det minnar på sett og vis om det pasifistiske puslespelet Lemmings, på den måten at ein har eit avgrensa evnearsenal som ein lyt løyse sin lille figur sine oppgåver med. Det fungerer òg som SMS-simulator, og gir mogelegheit til å oppleve opplevinga av teksting utan å måtte bekymre seg over telefonrekninga og langtidseffekten på mellommenneskelege forhold i det levde livet. Eit solid film noir-action-puslespel som ein kan svelgje i små stykkar, skjødeslaust og henslengt, utan det stressframkallande gameplayet i The Last of Us baserer seg på, fullt utstyrt med røykfylt jazz-soundtrack. Kos(t)eleg!

Tre aktualitetar:

New Super Luigi U (WiiU) – Mario Mario sin adoptiv- eller lillebror, Luigi Mario, har fått sitt heilt eige plattformspel, utan Mario og enda meir heseblesande og kaotisk enn før.

Shadowrun Returns (PC) Remake av gamal cyberpunk-rpg, originalt laga for di digitale underhaldning og undring på SNES og Mega Drive.

Rise of the Triad (PC) – Remake av gamal gladvaldsorgie. Dei blodige augeepla som flaug rundt på skjermen fekk i si tid far min til å ynskje at eg ikkje spelte slike spel, så dette blir eit kosteleg gjensyn.

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879