Clik here to view.

Vi vil gratulere vår kjære kollega Rasmus Hungnes med tildelinga av det høgthengande arbeidsstipendet til Noregs Mållag på 50 000 kroner. Det er vel fortent til ein medarbeidar med eit levande skriftspråk og den einaste skribenten i Noreg med faste spalter om dataspel på nynorsk.
Stundom høyrer ein vonde, siklande slangetunger påstå at Natt&Dag er eit hipsterblad som kun henvender seg til den sentrale, urbane og unge kultureliten. Det veit vi at er skivebom. Natt&Dag dekkar festivalar i kvar utkant av landet, kjem ut i ulike utgåver i ulike landsdelar, publiserar alt frå humoristiske oppsummeringar av veka til teologiske debattar og artiklar om Fantasy Premier League.
I tillegg har vi lausrive oss frå fascistveldet mange hovudstadsaviser og vekemagasin har språkmessig. Vi oppmuntrar til mangfald, og trykkjer stolt saker på skriftspråket Høgre så gjerne vil utradere: nynorsk. Ein av pionerane for dette er Rasmus Hungnes. Han har sidan 2011 skrive spalta vår om dataspel, med eit feiande flott nynorsk som no er vorte løna med eit velfortent arbeidsstipend frå Noregs Mållag. Vi har spurt han litt om både prisen og nynorskbruk i journalistikk. Han er ikkje fåmælt av seg:
- Kva tykkjer du om å motta slik ein gjev pris, Rasmus?
– Eg vakna ein sedvanleg dag på ein katamaranseglbåt ankra utanfor Isla Isabela, Galápagos, gretten slik ein gjerne blir, du veit, når ein for n-te gong lyt starte dagen med å jage sjøløvene frå akterdekket. Det var då eg mottok nyhende om stipendtildelinga, og eg kjende at eg synest det var eit godt val frå Noregs Mållag si side. Dersom nynorskarane ønsker å utvide målet sitt nedslagsfelt er det essensielt at dei satsar på nymotens fenomen som dataspel - og meg - og ikkje berre på gamlefar sitt slektstreprosjekt og denslags trauste tiltak, som gjer lite anna enn å bekrefte fordommar mange gjerne har om at nynorsk er gamalmodige saker.
- Kvifor er det viktig med skribentar som oss, som skriv nynorsk?
–Personleg synest eg ikkje naudsynt det er spesielt viktig, først og framst vent og vakkert. Eg har sjeldan trudd på polarisering av stort anna enn solbriller og andre optiske filter, og er ikkje den typen nynorskpatriot som meiner nynorsk er betre enn bokmål – eg nyttar trass alt begge målformene. Det at det finst to såpass lite ulike utgåver av skriftspråket er ein ganske unik ting ved norsk. Desse nyanseforskjellane kan ein utnytte for å skape finurlege vendingar tilpassa forskjellige typer tekstar, noko som kan nytjast både stil- og innhaldsmessig. Nynorsk kan ofte tilleggast ein meir massiv patos enn bokmål, og mitt råd til ungdommen er: Grammatiske reglar er til for å bøyast. Når det er sagt, trur eg det er viktig for utbreiinga av nynorsk at det blir skrive om eit vidt spekter av emne på nynorsk, til dømes om dataspel, fordi det kan opne opp augene til lesargrupper som kan hende enno ikkje har oppdaga nynorsken si magiske kraft.
- Kva synest du då om at mange av hovudstadsavisene nektar journalistane sine å skrive på nynorsk?
– KVA!!! Det er uhøyrd, og eg har ikkje høyrd makan til verken sludder eller pølsevev. Truleg kjem denne tendensen av at mediehusa fryktar at lesarane ikkje har ork til å lese nynorsk – som om nokon gidd å lese sludderet dei avisene eg reknar med du referer til gulpar opp, uansett målform. Dette leier inn i ein merkeleg loop, for flest folk har ein lei tendens til å like det dei forstår, og det dei forstår er det dei er vande med, og det dei er vande med er det dei får servert. Nynorsk, som det meste som har med estetiske preferansar å gjere, er noko ein lyt venne seg til, og det skjer jo ikkje dersom ein ikkje blir utsett for det. Slik går nok mange glipp av noko av det eigedommelege ved å tileigne seg norsk allmennkunnskap. Det var synd. Men ein blir vel uansett ikkje særleg godt opplyst av å lese desse avisene du refererer til, så målform er nok diverre blant dei mindre problema her, eit ledd i den store – bevisste eller ubevisste okke som – agendaen: Å oppretthalde og forsterke status quo. Tillet dei ikkje nynorsk altså? Kva er ordet? Åja, teit.
Rasmus er utdanna biletkunstnar og musikar, men det er som kulturskribent han no vert heidra. Han er til vanleg basert rundt omkring (primært Berlin og Bergen), og opererer som kunstnar, kurator, kritikar og trommeslagar. Han har drive visningsrommet Premiss, og skriv for mellom anna Kunstkritikk, Dag og Tid og Natt&Dag. I desse dagar er Rasmus Hungnes aktuell med den fuktige utstillinga POTSYD, som opnar neste veke i eit tilfluktsrom i Bergen. Sjå www.potsyd.com for vidare informasjon om denne.
Vi i Natt&Dag er stolte over å ha ein slik ressurs blant oss, applauderar innsatsen og gratulerar Rasmus så mykje med stipendet!
Her kan du lese det han har skrive for oss: http://www.nattogdag.no/profiler/rasmushungnes
Clik here to view.
