Quantcast
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879

Lars Petter Sveen: – Guds Barn opnar opp verda og litteraturen

Les begrunnelsen for nominasjonen og stem på din favoritt til Årets bok her.

Vinn billetter til Årets Beste Fest (Osloprisen etterfest) her! 

Hvorfor er Guds barn nominert til Årets bok?

– Vel, eg trur det er fordi det er ei god bok. Og så er den med på å representere noko nytt i norsk litteratur. Eg er kanskje ein del av ein generasjon som har trua på dei store fortellingane, og som ønskjer å ta i bruk heile verktøyskassa når vi skriv. Guds barn er eit steg vekk frå bøker i lukka rom med få karakterar og psykologisk realisme. Guds barn opnar opp verda og litteraturen.

Er ikke markedet mettet for bøker om Jesus?

— Det tviler eg på, religion blir ikkje borte, det er ein del av oss. Og er bøker gode nok, vil det alltid vere rom for dei.

Hvilken annen bok burde ha vært nominert?

— Ingrid Storholmens bok Her lå Tirpitz. Kanskje årets beste. Storholmen gjer det eg synes litteraturen burde gjere: Opne opp verda og trekke inn dei mange stemmane i fellesskapet vårt. Og så er den latterleg godt skrive.

Du har vært flink i 2014. Hva skal du gjøre i 2015?

— Skrive meir, feile meir, og prøve å skrive betre.

Hvilke verdslige problemer slet Jesus med?

— Tru, tvil, politikk, kjærleik, vennskap. Alt slikt som det burde vere plass til i gode romanar.

Hvordan har reaksjonen på boka di vært fra kristne miljøer?

— Berre positivt av det eg har høyrt. Mange kristne og ikkje-kristne har gitt tilbakemelding på at boka gir dei mykje å tenkje på. Det er eg stolt over. Eg prøver å bli betre på å ta imot ros.

«Fremmedkriger» er kåret til årets ord, men hva mener du bør være årets ord?

— «Framandkrigar» er jo veldig tøft. Eg liker veldig godt «Einsamflygar» og «Kjærleik». Dei går ikkje ut på dato.

Årets beste lesning?

— Truleg Liv etter liv av Kate Atkinson. Så mange stemmer, så store spørsmål, så annleis blikk, og så mange muligheiter. Imponerande og noko å strekke seg etter.

Et lite brilleslange-dilemma helt til sist: Bli medlem i pinsebevegelsen eller bli lakeien til Jan Kjærstad?

— Bli lakeien til Jan Kjærstad. Om han ikkje vil leie deg gjennom mørke dalar fram til lyset, så vil han få deg til å opne auga for muligheitene for kva ei bok kan vere.

Hvem mener du bør få Osloprisen for beste bok? Stem på dine favoritter her.

Les også: Vinnerne av BergenprisenTrondheimprisen og Stavangerprisen 2014

The post Lars Petter Sveen: – Guds Barn opnar opp verda og litteraturen appeared first on NATT&DAG.

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879