Les begrunnelsen for nominasjonen og stem på din favoritt til Årets bok her.
Vinn billetter til Årets Beste Fest (Osloprisen etterfest) her!
Hvorfor tror du at Vårar seinare er nominert til årets bok?
– Dette har eg lurt mykje på, og velgjer å gå for forklaringa: fordi ho er så bra.
Hvorfor har du valgt å skrive om mennesker som dør i bilulykker?
– Eigentleg er det ikkje berre bilulykker. Sjølv om vegen er det tydelegaste motivet, finst døden også i elva og på toglina i denne boka. Så då handlar det kanskje ikkje berre om ulykker heller. I den bygdekulturen eg skildrar er dette til ei viss grad tabubelagt, ihvertfall vanskeleg å snakke om. Men det bør ein jo – snakke og skrive om det.
Hvilken annen bok burde vært nominert til årets bok?
– Vanskeleg spørsmål, sidan eg aldri får lese bøkene det året dei kjem ut. Men eg vart utruleg begeistra då eg las Undis Brekke, og tenkte at det burde vere mykje meir Gunnhild Øyehaug i verda.
Du har vært flink i 2014. Hva slags planer har du for 2015?
– Den store planen er å få Ariana Reines’ Coeur de Lion til å bli lesen av ALLE SAMAN i HEILE NORGE. Det er ei utruleg god diktsamling som, eh, eg har gjendikta, og som kjem ut om ei lita stund.
«Fremmedkriger» har blitt kåret til årets ord. Hva mener du burde vært årets ord?
– Kverve! Eit utruleg fint verb som eg fann i eit Olav H. Hauge-dikt og som betyr alt dette:
– svinge rundt, gå i ring, boge, til dømes om straum i vatn
– kome av syne, bli borte
– minke inn
- i eventyr: gøyme; føre, bere bort
– forvrengje
– kringgå, ringe inne
Hva har vært fjorårets beste lesning?
– Mykje bra lesing i 2014! Men Americanah av Chimamanda Ngozi Adichie var kanskje den aller beste og mest uvanlege. Det er fantastisk kor presis ho er i observasjonar og språk, og at ho skriv ei bok som tilsynelatande er ei karakterdriven kjærleikshistorie, men som eigentleg handlar om rase og kjønn.
Har du planer om å skrive om noe mer oppstemt enn sorg neste gang?
– Definitivt! I den neste boka mi blir det mykje rølp.
Et lite bok-o-lemma på tampen: Være på turné i to år med «Ikke tøft å være død» eller skrive neste bok om trafikksikkerhet i Saigon?
– Æh, altså, sidan sjangeren ikkje er presisert går eg for Saigon-prosjektet. Kunne sikkert skrive nokre dikt og halvdårlege essays om det temaet.
Hvem mener du bør få prisen for årets beste bok? Stem på dine favoritter her.
Les også: Vinnerne av Bergenprisen, Trondheimprisen og Stavangerprisen 2014.
The post Anna Kleiva: – I den neste boka mi blir det mye rølp appeared first on NATT&DAG.
Image may be NSFW.Clik here to view.
