Clik here to view.

Hver fredag spør vi noen vi synes fortjener en high five om det du ikke visste du lurte på.
I dag: Sveinung Rotevatn
Hvem? Leder i Unge Venstre
Hvorfor? Venstre har unngagjort årets landsmøte og sikter nå mot en valgkamp som kan sikre partiet regjeringsposisjon - og Rotevatn plass på tinget.
Rett på sak: Føler du noen ganger at din politiske karriere er som en runde Mikado, hvor prinsipene plukkes fra deg en etter en og etterlater deg stadig mer ustabil inntil du uungåelig kollapser?
–Heldigvis ikkje endå. Enn så lenge er eg jo Unge Venstre-leiar, og som ungdomspolitikar har ein jo det priviliegiet at ein ikkje treng å kompromisse på prinsippa. Men denne hausten stiller eg jo til Stortinget, og håpar å bli vald inn frå Sogn og Fjordane. Då kan det fort bli verre, når ein blir fanga i budsjettdiskusjonar og kompromiss med andre parti. Målet får vere å ikkje kollapse - og eg trur den liberale ryggrada mi er sterk nok til å halde.
Spiller du spillet eller er du her for å ha det gøy?
–Eg spelar spelet. Det er gøy i politikken, for all del, men ein rimeleg sentral del av konseptet er å ikkje bli stemt ut. For å seie det slik. Dessutan har politikarar så lange arbeidsdagar, så lite fri og så dårleg løn at dersom ein ikkje var med for å oppnå resultat ville det heile vore rimeleg meiningslaust. Når det er sagt så er det skrekkeleg artig å drive med ungdomspolitikk, og det sosiale miljøet i Unge Venstre er heilt fantastisk. Sommarleir på Tromøya med sol, bading, vener og politikk - det blir ikkje mykje betre enn det.
Stemme for boklov på stortinget eller hoppe i Boklöv-stil i storbakke?
Boklöv-stil i storbakke. Heilt klart. Det skal sitje utruleg langt inne å stemme for særprivilegiar til ein bransje som allereie er prega av få dominerande aktørar, massiv lobbyverksemd mot politikarar og skremmande mangel på innovasjon og nyskaping.
Lat oss kalle ein spade for ein spade, og råning for råning.
Hva er det aller, aller dummeste forbudet i Norge?
–Forbodet mot majestetsfornærmingar. Det er absurd at det skal vere fem års strafferamme for å fornærme kongen. Sjølv om han etter Grunnlova er “konge av Guds naade”. Ikkje eit vondt ord om kong Harald, som er ein utmerka regent, men han får tole ein trøkk han som alle andre.
Etter din personlige erfaring: Hvem er John Galt?
-Hehe, hmm, vel, ingen eg kjenner. Ein slags norsk versjon av John Galt er kanskje nettstaden liberaleren.no, som vert driven av liberalistar med bakgrunn i ulike parti. Eg er nok ikkje alltid einig med dei, for å seie det slik, men dei er i det minste ei forfriskande alternativ røyst i ein samfunnsdebatt der det meste handlar om kven som skal få meir frå staten. For øvrig har eg aldri lest ferdig Atlas Shrugged, den var så keisam at eg sovna ganske tidleg.
Tema for NATT&DAG denne måneden er nytelsesyke. Vil du karakterisere deg selv som sykt lite nytelsessyk eller sykt nytelsessyk?
–Eg er sjukt lite nytingssjuk, men med eit par viktige unnatak: Eg set ufatteleg pris på eit godt mikrobrygg, og elskar å ligge på sofaen og sjå på TV-seriar.
Helt ærlig: Chirag eller Magdi?
–Heilt ærleg: Ingen preferanse. Eg er glad i musikk, men Karpe Diem er ikkje øvst på playlista, og eg veit eigentleg ikkje kven som er kven. Eller, vent litt, er det ikkje han Magdi som har ei mor frå Sogn og Fjordane? Då får eg svare han, vestlandsk opphav er alltid eit pluss.
Appropos Karpe Diem: Ville du helst (a) fått head av Mette Hanekamhaug, (b) rulla rundt i Toyota'n til Magdi eller (c) blitt matet med jalebi og pakora av Chirag?
–Uff, stakkars Mette Hanekamhaug, tenk å vere med i eit spørsmål på den måten. Jaaaaaja, anyway. Eg kjem jo frå ei bygd, så råning i ein Toyota burde kanskje tiltale meg. Oslofolk generelt, og osloruss spesielt, burde forresten slutte å pynte seg med å kalle det for “rulling”. Lat oss kalle ein spade for ein spade, og råning for råning. Det har uansett ikkje vore noko eg har drive veldig mykje med, så eg trur eg går for (c) mating med jalebi og pakora. Med ein god øl til.
Ja, uff… Hvordan ville du selv reagert om Chriag rappet om head fra Sveinung Rotevatn?
–Eg ville vel neppe fått det med meg. Men om det hadde kome meg for øyre trur eg nok eg skulle overlevd. Eg er jo liberal.
Litt politikk til slutt. På maks tre ord: Hva vil du si til dem som egentlig vil stemme Venstre, men avstår for ikke å bidra til at FrP kommer i regjering?
–Call me maybe.
Clik here to view.
