Quantcast
Channel: NATT&DAG
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879

Suzanne Lieberman

$
0
0

Neidå, eg skal ikkje leggje meg på linja med personåtak og hersketeknikkar som Suzanne Aabel gjer i fredagens kommentar om Moddi sin boikott av ein konsert i Israel (litt fordi eg ikkje vil ha bank neste gong eg møter ho). Eg skal for så vidt heller ikkje freiste å forsvare verken Moddi eller boikott. Men det må vere langt lettare å ta for seg ein ung norsk artist sine argument for boikott, enn framståande akademikarar som Stephen Hawking eller Carolyn Karcher. Eg skal heller ikkje bevisst fordumme Aabel sine argument, trass i at ho gjer seg skuldig i nettopp det ovanfor Moddi.

Les også Suzanne Aabels kommentar: Mahatma Moddi

Om forfatteren: Hans Eirik Systad Tyssen er skribent, lærer og masterstudent. 

Grunnen til at eg vel ein tittel som Suzanne sikkert tykkjer er urettvis er at ho argumenterar som dei mest innbitte haukane på israelsk høgreside. Benjamin Netanyahu og Avi Lieberman har til dømes ofte brukt same argumentasjon. Aabel si raljering kan, om me fjernar dei latterlege personåtaka og hersketeknikken, kokast ned til ein einaste setning. “Ikkje kjeft på Israel, andre er dumme og!”. Dette er eit velkjend argument, kjent som “double standards”, men om eit land hevdar dei er eit opplyst demokrati held eg dei til høgare standardar enn sjølverklærte kalifat, militærdiktatur og prestestyrer. Det føregjekk enorme brot på menneskerettane i Sør-Amerika på 1980-talet. Tyder det at boikotten av Sør-Afrika på same tid var følelsesmessig og dobbeltmoralsk? Desse brota skjer i heile verda, men å kritisere nokon for å engasjere seg i ei sak framom ei anna er i beste fall destruktivt.

Lat meg sitere Christian Torseth frå kommentarfeltet under Aabel sitt utbrot:“Hvis du ikke kjøper pels på grunn av pelsdyras lidelser, er du da en idiot med mindre du også boikotter kosmetikk utviklet ved hjelp av testing på dyr? Er du en følelsesstyrt fjoms hvis du kjører el-bil, men ikke kildesorterer? Er valgene dine meningsløse hvis du er for kvotering, men mot pappaperm?”. Må vi setje opp ei svarteliste over kven som står bak objektivt flest (eller verst?) brot på menneskerettane, og ingen har lov å kritisere andreplassen før førsteplassen er rydda opp i? Og kva om Moddi hypotetisk sett hadde kritisert og boikotta alle Suzanne meiner han bør, ville han fortsatt vore ein følelsesstyrt nordlandsalv med pipestemme som burde halde kjeft?

Aabel skriv at Israel sin okkupasjon av Palestina er “regulert av folkeretten”. Dette er ein påstand som aldri burde fått stå på trykk. Faktum er nemleg at Israel står bak brot på folkeretten i enorm skala. Ein treng ikkje gå lenger enn på trikken frå Vest- til Aust-Jerusalem for å vere med på brotet, det er ikkje lov å transportere eiga befolking til okkuperte territorium (det er berre Israel sjølv som aksepterar Aust-Jerusalem som “annektert”). Dette er likevel for eit mindre brot å rekne, samanlikna med utbyggjinga av busetjingar, daglege arrestesjonar av mindreårige ned i 6-7 årsalderen, og transporteringa av desse tilbake til Israel, utan samtykke frå eller informasjon til føresette. Israel har nokre av verdas beste advokatar som passar på at dei ikkje skriv under på eller ratifiserar avtalar dei regelmessig bryt (til dømes protokollane til Genevekonvensjonen), og kan dermed hevde at dei er internasjonalt lovlydige. Dette fører til at Israel ikkje tek ansvar for palestinerane sine menneskerettar på okkupert territorium, men likevel kan underlegge dei israelsk militærrett som er langt strengare enn den vanlege israelske lova som gjeld for busetjarar i same område. Det er dessutan altfor lettvint å bemerke at 14 500 menneske er drepne i denne konflikta, utan å nemne det ekstreme misforholdet mellom sidene. 

Kanskje du, Suzanne, burde ta turen ut av nattklubbane i Tel Aviv neste gong du er i landet. (Faen, eg klarte visst ikkje halde meg heilt unna hersketeknikkane, eg heller).

Oppdatert: Eg veit (takka vere ei presisering internt) at Suzanne ikkje meinte å påstå at Israel aldri bryt folkeretten. Likevel meinar eg det er slik det framstår i kommentaren om Moddi.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879