Quantcast
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879

Anmeldelse: Jaa9 & OnklP - Diskoteket Er Stengt

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Dei to veteranane Jaa9 & OnklP har til og med bestemor mi høyrt om, men det er ikkje fordi dei har selt sjela og pumpa ut TV-hits med popbeats. Det er faktisk akkurat den type musikk dei har sett seg lei av på “Diskoteket Er Stengt”. Her er det boom-bap-rap, soul- og Erik Bye-samples,  og til og med eit introspor av New York-legendene Da Beatminerz. Det tyder for all del ikkje at tida er skrudd tilbake, men albumet er heilt klart ein high-five til tida då rap var tøffe beats, punchlines og du skulle høyre på teksten.

Med seks utgjevingar bak seg har 9&P utan tvil satt spor i hiphop-Noreg. Dei slo gjennom med humørfylte tekstar der dei slang frimodig rundt seg med fornærmingar og morsomheiter, før dei også tok over hitlistene med låtar som “Kjendisparty”, “Konfliktsky” og “Glir Forbi”. Den nye plata går tilbake til starten, med knallhard punchline-rap, drittslenging og klar beskjed om kven dei meiner høyrer til på trona. Samstundes er den produsert langt unna noko gutterom og har også nokre godlåter for radioen, som “Uten Grunn” allereie har prova.

Etter den knalltøffe Beatminerz-introen med Arno Frangos si scratching er tonen eigentleg satt. Som Jaa9 seier på andrelåta: “Real rap er tilbake”. No skal eg ikkje påstå at det berre er desse to gutta som driv med slikt i Noreg, men det er unekteleg noko forfriskande over at to store namn ikkje har lagt opp plata etter kva P3 sin musikkredaksjon skulle foretrekke for augneblinken. “Maskinen” er ein klassisk 9&P-låt med eit herleg hardt beat, og utmerkar seg fort som ein av favorittane på plata. Video er visst på veg.

Tittellåta til skiva har eit boom-bap preg over seg som einkvar med ein liten plass til hip-hop i hjartet vil like (og KRS-1 ville stelt om han fekk sjansen). Her kjem det klarast fram at dei gamle er eldst, og Jaa9 "står og pusser kid-blod av skoa med et Tjostolv-glis" (too soon?). OnklP slepp til for seg sjølv og inviterar deg til ein dag i sitt liv på “Kom Til Onkl” der Tommy Tee har tatt for seg Erik Bye-klassikeren (og synger litt på hooket). 

På “Roser i Betongen” kjem Oslo-patriotismen til Lillehammergutane fram for fullt, og fungerar nesten som ein oppfølgar til “180 Dager Sørpe” med elsk/hat-forholdet til byen. “Vekk” og “Fjern” er kanskje dei aller beste spora på skiva. 9&P reflekterer over jetset-livet dei har levd som artistar dei siste 10 åra, om å høyre til og å kome heim, akkompagnert av svevande kvinnestemmer, elektriske gitarar og synther. Det handler om å vere vekke, men og om å vere ein heilt anna stad sjølv når ein er fysisk tilstades.

"Full Forvandling" og “Ikke Si Lol” er låtane der dei gretne gamle gubbane kjem fram. “Full Forvandling” har surra på radioen nokre veker, og fortel om skuffelsen når “hu var mye, mye finere på facebook” og det viser seg at ho var "faen meg så stygg når [hu] er offline". “Ikke si Lol” er eit frontalåtak på alle dei som går rundt og seier “yolo” (ironisk eller ikkje), “omg”, “swag” og alle andre ord som både irriterar livet av oss rundt 30, og som i tillegg får oss til å føle at vi er minst 30 år gamle. Det er to spor som er fulle av humor, men særskilt “Full Forvandling” er diverre kanskje blant dei svakaste på ei elles sterk plate.

"En Gang" har eit knallhardt og suggerande NastyKutt-beat som nok kjem til å lage kaos på framtidige konsertar. Det er real skryterap og dei har med seg kompisen Lars Vaular ("Ekte motherfucker som Ødipus"). Det er kanskje ikkje låta ein sit og reflekterar over, men definitivt den som banger i anlegget i det vi går på byen. På “Konga På Haugen” reflekterar dei to over veien dit dei er i dag med oppturar og nedturar, fulgt opp av det noko breiale refrenget "Hey, jeg kan'ke høre deg her oppe".

For å understreke at dette er “real rap” har dei jammen slengt med “Fenomenon” som knapt kan vere noko anna enn eit LL Cool J-homage. Det er funky, fengande og kora av Knirckefritt si souldronning Sisi. Det er parkliv, det er chill, og det er låta vi skulle ønske kom før sommeren var på veg ut døra. Avslutninga på plata, “Uten Grunn” har vel dei fleste høyrt frå før. Det er ei godlåt som handler om å gjer som du har lyst til, på ein lett og fin beat som både du og mor di kan kose dykk til.

Det er eit par enkeltspor som gjer at sjølvaste smilegubben ikkje omfavnar denne plata. Det er heller ikkje nokon soleklare hit-låtar ala “Glir Forbi”, men det er vel kanskje nettopp det som er poenget? Likevel er dette eit heilstøpt stykke arbeid, som gir deg akkurat det du lover. Jaa9 er enno morosam, men utviklar seg også kanskje mest av dei to som rapper. OnklP leverar det han kan, og akkurat det som gjer at forventningane til kvar ei låt han er med på står i taket. Hjelp på produksjonssida av blant anna Tommy Tee, Nasty Kutt, Blunder og gjengangeren Slipmats, samt Sisi, Lars Vaular og Åsmund Lande frå Oslo Ess bak mikrofonen er også med på å dra opp plata. Viss du likar hip-hop, også når diskoteket er stengt, så kjem du til å like denne skiva.

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879