Quantcast
Channel: NATT&DAG
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879

3 spel du kan spele heime i karantene og isolasjon

$
0
0

Kva skal ein gjere når ein bare sitt heime? Spele, sjølvsagt!

The Longing (Win, Mac, Linux)

Dette langstrekte eventyrspelet der du trer inn i rolla som holebuande vandrande vekkjarklokke, ser ut til å vare i 400 dagar – rett nok ein augneblunk samanlikna med Ancestors: The Humankind Odyssey sine åtte millionar år – men The Longing går føre seg i sanntid. 400 dagar frå lanseringsdatoen, 5. mars, vil det longe ha vore 2021 og du treng truleg ikkje lenger ullongs.

LES OGSÅ: I «Ancestors: The Humankind Odyssey» styrer ein ei menneskeape gjennom millionar år med evolusjon

Journey to the Savage Planet (PC, PS4, XB1)

Dette er eit forvitneleg uhøvla stykke kapitalismekritisk sci-fi-satire i førstepersonsperspektiv der du speler rolla som einsam, grovt utnytta astronautarbeidar på ein framand planet der livsformer har utvikla seg på ganske annleis vis enn her heime på Tellus.

LES OGSÅ: Klimaendringane har nådd spela

LUNA: The Shadow Dust (Win, Mac, Linux)

Ancestors: The Humankind Odyssey er forfriskande fritt for (sedvanleg) dialog, og det handteikna adventure-spelet LUNA er fritt for ord. Her lyt du løyse puslespel med visuell informasjon åleine. Til og med menyen er piktogrambasert. Ute 13. februar.

LES OGSÅ: Teknologioptimismens mørke side

The post 3 spel du kan spele heime i karantene og isolasjon appeared first on NATT&DAG.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879