Quantcast
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879

Sveinung Rotevatn (V) anmelder «Okkupert» sesong 3

Image may be NSFW.
Clik here to view.

TV-serien Okkupert hadde premiere på TV2 i 2015, og fekk noko blanda mottaking og sjåartal her heime. Likevel vart serien seld til fleire land, og har gjort det bra på Netflix.

UNDERTEIKNA VAR sjølv blant dei som likte serien. Ikkje på grunn av skodespelarprestasjonane, som var varierande. Ei heller på grunn av det filmtekniske, som også gjekk litt opp og ned. Men først og fremst på grunn av plottet. Javel, så var det spenstig å ta utgangspunkt i ei norsk miljø-regjering som stenger ned petroleumsproduksjonen, med påfølgjande invasjon frå Russland på oppdrag frå den norske gasskunden EU.

Men med dette som ramme fekk vi på ein god og relativt truverdig vere vitne til eit Noreg som må handtere det som diverre er aktuelle utfordringar: Kva er NATO verdt for oss dersom USA trekker seg ut? Kan vi som ikkje-medlem stole på EU i tryggingspolitikken? Og når kan ein tilstand av hybridkrig eigentleg kallast ein okkupasjon?

Dei to første sesongane gav oss rikeleg med action, ein del interessante enkelthistorier og ikkje minst gode skildringar av kva som skjer i eit Noreg der vanlege folk blir konfrontert med eit val som diverre var alt for kjent for generasjonen før oss. Skal ein samarbeide med okkupanten, halde seg passiv eller gripe til våpen?

ETTER DEI to første sesongane er den opne konflikten over. Ein fredsavtale er signert mellom EU, Noreg og Russland, og statsminister Jesper Berg (Henrik Mestad) er tilbake i landet og må handtere etterverknadane av krisa. Det skal vise seg krevjande nok. Det ulmar under overflata, og det er framleis mykje vondt blod i det norske samfunnet. Særleg vert sinnet retta mot krigsprofitørar som Bente Norum (Ane Dahl Torp). Det er for så vidt godt å sjå dette ordet brukt i si opphavelege og djupt alvorlege meining, ikkje om folk som forsøker å drive ein god barnehage.

LES OGSÅ: «Håp» er navlebeskuende, selvrettferdig og forelsket i seg selv

Image may be NSFW.
Clik here to view.

SÆRLEG ER det harde spenningar mellom dei som forsøker å oppretthalde ein god dialog med (og ikkje minst gassleveransar til) EU, og tidlegare motstandsfolk som no har inntatt sentrale posisjonar i maktapparatet. Harald Vold (ein strålande Stig Amdam), den tidlegare leiaren for Gutta på skauen (/terror)-organisasjonen Fritt Norge, har no inntatt posisjonen som forsvarsminister. Han havnar i umiddelbar konflikt med Jesper Berg – utløyst av norske grensevakter i nord som løsnar skot mot fredsbevarande EU-styrkar.

Den drivande historia i sesong 3 er statsminister Jesper Berg sin kamp for attval. Klarer han å balansere omsyna til å på den eine sida halde freden med EU/Russland gjennom leveransar av gass, og på den andre sida halde på truverdet som klimapolitikar?

EIN DEL AV suksesskriteria frå dei to første sesongane er framleis med. Mykje action og brå vendingar, skildringar av kaoset som oppstår når ingen veit kven som eigentleg bestemmer, og ikkje minst ein del interessante grunnlovsspørsmål (kan eigentleg Høgsterett oppløyse Stortinget grunna i landsforræderi, med grunnlag i konstitusjonell nødrett?).

Image may be NSFW.
Clik here to view.

LES OGSÅ: Hva må skje for at monarkiet skal falle?

Samstundes slit serien framleis med mange av dei same skavankane. Skodespelarprestasjonane er varierande, mange dialogar virkar forhasta og kunstige, og ikkje minst: Delar av historia er for lite truverdige til å vere interessante (som planane om å demme opp Lysefjorden for å lage pumpekraftanlegg til å erstatte gassproduksjon). Historietrådane til ambassadør Sidorova (Ingeborga Dapkunaité), som jobbar for å unngå utvisning av seg og sin kvinnelege partner, og Bente Norum – som har dratt i eksil til Moskva – er også berre sånn passeleg engasjerande, med rimeleg laus tilknyting til hovudplottet.

HOVUDUTFORDRINGA er likevel den som møter mange seriar etter at den store spenninga først er utløyst. Okkupasjonen er over, Russland er ute, Noreg er igjen (ein slags) herre i eige hus. Det er rett nok mange interessante konfliktar å spinne vidare på, men ein kjem likevel ikkje heilt unna kjensla av at festen trass alt er over; no handlar det om å få dei mest engasjerte gjestene til å halde ut på nachspiel.

Denne engasjerte gjesten blir nok verande nokre timar til.

Okkupert hadde premiere 5. desember på Viaplay. Filmmeldinga er basert på dei tre første episodane.

 

The post Sveinung Rotevatn (V) anmelder «Okkupert» sesong 3 appeared first on NATT&DAG.

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879