(Føreslått soundtrack til lesinga: ESP – Electric Space Travel.)
DET SKJER TING når det kjem til romferd. NASA gjorde nyleg eit massivt arkiv av bilete av stjerner og planetar tilgjengeleg for fri bruk og i Easy Travel To Other Planets (by practice of Supreme Yoga) fra 1970 legg A. C. Bhaktivedanta Swami Prabhupada fram korleis ein kan vitje framande planetar ved hjelp av Bhakti Yoga. Ganske enkelt ved å ta i bruk det antimaterielle prinsippet som beskrive i den heilage skrifta Bhagawad Gita og av Segre og Chamberlain, som i 1959 blei tildelt Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av antiproton. Som om ikkje det var nok, kan den reiselystne dataspelaren besøke ein galakse langt, langt borte i Star Wars Jedi: Fallen Order (PC/PS4/X1).
Som Jedi i Fallen Order kan du, mellom mykje anna, sakke ned tida som dine motstandarar opererer i. Det er tale om ein av dei artigaste jedisimulasjonane sidan Jedi Academy (2003) og Yoda Stories (1997). Den reinaste gåvepakka pakka inn i ei open, metroidvania- og Dark Souls-liknande innpakning. Men frykt ikkje, Fallen Order er langt meir venleg innstilt til spelaren sin terskel for frustrasjon enn sistnemnde. Historia er kan hende noko pulpy, for det er jo science-fantasy-settingen Star Wars vi her har med å gjere, dertil med ein dose hekseri – Magick med K – rørt inn i miksturen med dobbeltblada lyssabel. Men det er uansett uhorveleg tilfredsstillande å vere med på slik ein tettpakka power-trip frå undertrykka industriarbeidarstatus til jediriddardom.
MAGICK, JA. Og Star Wars har jo alltid vore tufta på det såkalla overnaturlege. I Mary d’Este Sturges og Aleister Crowleys kompendium Magick In Theory And Practice kan man lese seg opp på astralplanet, som er «så variert og så skiftande at fleire klarsynte som ser på den same tingen kan gje fullstendig forskjellige vitnesbyrd om kva dei såg; samstundes kan det hende at dei alle gir korrekte deduksjonar.»
I det kostelege kyberpunk-hakk-og-hogg-eventyret Astral Chain (NS) kan du òg, ved sidan av andre viktige politiaktivitetar (som t.d. å gisse svaret på smågutar sine gåter på gateplan) vitje dette astralplanet, lenka som du er til blodtørstige kjæledyr som du har fanga og temt i høgare dimensjonar. Saman lyt dykk danse i lenkjer, for å misbruke eit lite stykkje nietzscheiansk terminologi.
Astrallenketeknologien har blitt utvikla gjennom forsking på astralmaterielekkasjar frå astralplanet. I den eksterne røynda, nærare bestemt i ein småby i Nevada, vitja eg nyleg konferansen Visions of the Future: ESP & Remote Viewing. Ein av føredragshaldarane, Russell Targ, presenterte 30 år med klarsyn-forsking ved institusjonar som Stanford Research Institute, ein av inspirasjonskjeldene til komedien The Men Who Stare At Goats.
«Now, more than ever, we need the Jedi», som Ewan McGregor seier der.
Og som Targ skriv om det sedvanlege verdsbiletet i introduksjonen til boka The Reality Of ESP: «Our assumption is that the outer world has no meaning inherent to itself.»
Les også: De dummeste spillene du MÅ spille i høst
I OBSIDIAN ENTERTAINMENT – studioet bak Star Wars The Old Republic 2 (2004) – sin forvitnelege nye sci-fi-RPG Outer Worlds (PC/PS4/X1) kan ein òg vitje fjerne fiksjonsplanetar. I denne framifrå satiren blir du tint opp frå kryogenisk svevn, berre for å oppdage at du har fryseforsove deg kraftig og solsystemet du skulle ta del i koloniseringa av allereie har gått inn i ein høgkapitalistisk fase der nesten alle blir utnytta av egosentriske oligarkar. Ikkje ulikt røynda og blåsnippsutgangspunktet ditt i Fallen Order. Som biverknad av den plutselige tininga, kan du sakke ned tidsoppfatninga di. Slikt er alltids hendig.
The force, magi, vitskap eller hjerneskade. Det såkalla paranormale blir handsama i lengre enn langstrekt grad i spelosfæren for tida. Life Is Strange 2 (PC/PS4/X1), som vi snart skal få spele siste episode av, krinsar rundt ein liten gut sine merksnodige telekinese-evner. Telekinese driv ein òg med i det X-Files- og Fringe-liknande Control (PC/PS4/X1), der ein trer inn i det trans-dimensjonelle hovudkvarteret til det føderale Bureau Of Control, som ikkje har kontroll i det heile på sine undersøkingar av det paranormale. Mellom vitjingar til astralplanet kan ein mellom anna legge seg inn, fullt påkledd, i ein isolasjonstank for å late seg hypnotisere.
Hypnotisøren spelast av speldesignaren Hideo Kojima, og hans nyaste spel, Death Stranding (PS4), er ein avantgardistisk fottursimulator tufta på det uomtvistelege faktum at kartet over Sambandsstatane er forma lik ein kval. I denne apokalyptiske materialismekritikken lyt ein reise land og strand for å levere varer til dei forskjellige byane, isolerte som dei har blitt av tidsakselerarende regnskurar og generelt heimsøkt klima, og i same slengen gjenopprette kontakta mellom dei. «Make America Whole Again», som mor di, presidenten, seier. Stundom lyt du dertil vitje The Beach, som dei kallar etterlivet, det astrale eller hyperdimensjonelle. Tilbake i den materielle spelrøynda har du ikkje botnlause lommer, og det krevst krefter og konsentrasjon for å balansere lasten du lyt levere – det vere seg kassevis med egg og sperm, klarsynte spedbarn, eksplosive daude lekamar eller granatar fylt med ditt eige blod. Og skulle du ha sett, nok ein interessant synkronisitet: I Astral Chain finst det òg eit oppdrag der du lyt balansere pakkar lik den reinaste jolenissen. God jol til alle og ein kvar!
Joletre stk.:
Bee Simulator (PS4, X1, NS)
Tre inn i bierolla som bie med svermsinn og ultrafiolett syn, men bi litt – sjølv om eg ofte omtalar spel som ymse formar for simulasjonar, vil eg seie at dette knapt er ein simulator. Men eit biespel er det, ingen tvil om det.
Superliminal (PC)
Adjektivet superliminal handlar i kontekst av filosofi og parapsykologi om ein form for medvite som er over og hinsides det kvardagslege medvitet sitt omfang. I denne draumesimulatoren kan du lære eitt og anna om perspektiv og persepsjon – «Perception is reality», som det står skrive på ein hugselapp heilt i starten.
Star Wars Pinball (NS)
Eit breitt utval digitale flipperspelbrett der ein kan bruke sine sårt oppsparte jedikrefter til ballmanipulasjon. Slett ikkje verst, men flipperspel er stadig best i den fysiske røynda – stikk innom Pinball Hall of Fame om du fysisk skulle finne deg i Las Vegas. Garantert pengetap.
Les også: Klimaendringane har nådd spela
The post Det skjer ting i både romferd og spel for tida appeared first on NATT&DAG.