Quantcast
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879

Klimaendringane har nådd spela

I DEN UUTGRUNNELEGE alternate history-filmen Super Mario Bros. frå 1993 har røynda, nett som i TV-serien Counterpart (2017–19), blitt splitta i to: Ein versjon – vår verd – der dinosaurane blei utsletta av ein komet, og ein der dinosaurane levde vidare og utvikla sivilisasjon. Uavhengig av om din Mario, Luigi, Toad, Nibbit og Toadette lev i ei postapokalyptisk verd eller ikkje, er New Super Mario Bros U Deluxe ute no til Nintendo Switch, komplett med dei tradisjonelle raude og grøne soppane.

«No worry, bro», sa soppen ein gong til Terence McKenna. «This is what it’s like when a species departs for the stars.» I ToeJam & Earl: Back In The Groove (Win, XB1, PS4, Switch, Linux, Mac) er Planet Funkotron-buarane ToeJam og Earl ute og rånar langs Mjølkevegen att, denne gongen med nokre kjeks dei har lyst til å imponere i baksetet. Idet Earl tek feil av «subwoofer»- og «svart hol»-aktivasjonsknappen blir dei, saman med planeten Jordi, kverna gjennom tid-rom-kontinuumet.

Jorda blir delt opp i eit tilfeldig (med mindre ein av ukjende grunnar skulle føretrekke å spele «fixed world»-modusen heller enn «random world») tal svevande kontinent. Råneromskipet blir òg fragmentert, og våre utanomjordiske vitjarar lyt samle delane saman og bygge skipet opp att.

Les også: Guide: Sånn er du ufordragelig nordmann i utlandet på en miljøvennlig måte

I følgje The Museum Of Jurassic Technology i Los Angeles har det gått fire tusen tre hundre og førti tre år sidan Noa blei kalla til å bygge ein ark – det tyder skip og kiste på same tid – og fylle han med alt det som var naudsynt for å motstå den nært føreståande apokalypsen. Namnet Noa/Noah har vore enormt populært både i Noreg og i utlandet dette årtusenet, noko som openbert er uttrykk for at global oppvarming blir teke på alvor i det kollektivt undermedvitne. Gubban Noa! Giv stoda var slik i det kollektivt medvitne òg.

ORDET APOKALYPSE kjem frå gresk og tyder å løfte på sløret, openberring. Sjølv om den psykedeliske Jesus-figuren i Johannes’ openberring openbert talar til meg og alle og ein kvar personleg med si tviegga sverdtunge (personleg notat til framtidige kunsthistorikarar som forskar på min person: 2, 6), er min personlege eskatologi-favoritt for tida den allereie nemnde etnobotanisten Terence McKenna (1946–2000, fred vere med honom), «for om vi skulle fumle bort ballen, om vi faktisk skulle, øh, der våre forforeldre gjennom tusenvis av år ikkje feila, om vi skulle feile, vil tragedien vere umåteleg stor, for det er ikkje uunngåeleg at vi skal feile. [….] Vi vil ikkje at dette skal ende som ein giftig søppelhaug styrt av nazistar, som er, du veit, vegen det kanskje går.»

Det er flust av giftige søppelhaugar i spela om dagen. Online-overlevingsspelet Fallout 76 (PS4, XB1, Win) går tradisjon tru føre seg i 50-talsnostalgisk atometterkrigstid. Far Cry: New Dawn (Win, PS4, XB1), mogelegvis det mest morosame Far Cry til no, særleg med ein ven med på laget, plukkar opp tråden i eit mutert, kvinnestyrt, Mad Max-aktig Hope County-audeland 19 år etter (spoiler-alarm) atomkrigen som endte Far Cry 5.

Kan hende er det forståeleg at det òg framifrå, men meir hardbarka Metro Exodus tar for seg atomvinteren, gitt at spelet er russisk.

No står ikkje verda til påske, tenkjer du kanskje. Men det kan du ta med ro; truleg gjer ho det. Påska kjem seint i år, og desse atomvinter-orienterte spelscenarioa blei nok til dels til den gong i fordums tid då media skapte blest om ei allereie gløymd eskalering mellom USA og Nord-Korea.

Med fare for å setje uheldige kulturelle bånd på kreativiteten, kunne det svensk-norske taktikkerispelet Mutant Year Zero: Road To Eden (Win, XB1, PS4) mogelegvis med fordel heller tatt for seg global oppvarming, men så er det kanskje enklare å skrive inn talande ender og villsvin dersom radioaktiviteten er høg.

Les også: GUIDE: Rus deg miljøvennlig

OG DET ER klimaendringar du og eg burde freiste å gjere noko med, i stadet for å sitje der i godstolen og spele Riot: Civil Unrest (Win, PS4, XB1, Switch). Sjølv om det er noko sympatisk over denne opprørspoliti-og-aktivist-simulatoren, basert som han er på protestar og demonstrasjonar frå røynda, og det kan hende kan vere eit element av folkeopplysning i Civilization VI-utvidingspakka Gathering Storm (Win, Mac, Linux) si inkludering av klimaendringar som spelmekanikk, og TV-serien Okkupert der Noreg stoggar all gass- og oljeproduksjon, lyt vi ikkje gløyme verdien av å drive med aktivisme og medviten livsførsel i den reelle røynda.

Kan hende kan co-op-opplevingar som ToeJam & Earl: Back In The Groove, Far Cry: New Dawn og New Super Mario Bros U Deluxe minne oss om verdien i å gå saman om å nå eit mål, slik som t.d. å redde vår felles biotop – og ikkje berre gjennom underskriftskampanjar som skulle slumpe til å dukke opp medan ein rullar nedover Facebook-feeden. Kan hende kan vi for ein gongs skuld vise vi ikkje er som South Park-innbyggjarane, som takka nei til å redde verda mot å gi opp soyasaus og Red Dead Redemption 2?

Tre på toppokalypse

Hypnospace Outlaw og Tech Support: Error Unknown (Win, Linux, Mac)

Dersom du var medviten før årtusenskiftet, hugsar du mogelegvis År 2000-problemet, AKA The Millennium Bug, som skulle føre til at all teknologi slutta å fungere kl 00:00 1. januar 2000. Det skjedde ikkje, men no kan du jobbe med kundeservice og avsløre megakorporasjonskonspirasjonar i Tech Support: Error Unknown og surfe eit imaginært internett som om det er 1999 i Hypnospace Outlaw.

Heaven’s Vault (Win, PS4)

Grav opp tusenvis av års verdshistorie i dette science fiction-arkeologieventyret, planlagt utgjeve i løpet av våren. Vi har fått prøvespele ein liten del, og det lovar godt.

Devil May Cry 5 (Win, XB1, PS4)

Dette helvetes hack’n’slash-spelet har, i tillegg til skyte-, hakke- og hoggeknappar, ein knapp for høgtlesing av dikt. Den mystiske karakteren ved namn V les strofer frå William Blakes apokalyptiske poesi, og dersom du speler med god flyt kan du jobbe deg opp frå stilkarakter D for Dismal til A for Apocalyptic – og heilt opp til SSS, Smokin’ Sexy Style!!

Les også: Det beste co-op-spelet i persons minne er no ute for moderne spelsystem som del av samlepakka SEGA Mega Drive Classics

The post Klimaendringane har nådd spela appeared first on NATT&DAG.

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879