I flyselskapet Aeromexico sin sinnrike reklamekampanje INNERDISCOUNTS – THERE ARE NO BORDERS WITHIN US får vi sjå korleis ei rekke kvardagsrasistar frå den texanske småbyen Wharton reagerer når dei får høyre kor stor prosentdel av arvestoffet deira som er meksikansk. Den typiske responsen er sjokk og vantru, men òg fryd – dei får nemleg nemnde prosent i avslag på flybillett til landet dei med så sterk overtyding mislikar. «I love discounts», som ein av deltakarane seier.
Eg har ikkje teke nokon gentest, men eg befinn meg i Mexico likevel. I suvenirbuene, ved sida av oppskrifta på Trump Sandwich («white bread, full of baloney w/ russian dressing + a very small pickle»), heng T-skjorter pryda med slagordet «Make Tacos Not Walls». Statistiske undersøkingar har påvist at Noregs favorittmat (iallfall på fredag) er taco, nærare bestemt kommersialisert Tex-Mex-taco á la kjøkkenet nord for Trumps ekstremt ahistorisk funderte rasistmur.
Les også: Denne barne-Youtube-videoen kommer til å fucke deg opp
Har du ikkje meksikansk DNA? Frykt ikkje, to episodar av eventyrspelføljetongen, Life Is Strange 2 er ute. Her trer spelaren inn i rolla som ein meksikanskætta tenåringsgut frå Seattle-suburbia som brått får festplanane for kvelden spolert av kvardagsrasisme og impulsiv politivald blanda i hop med veslebror sitt teaterblod og mystiske paranormale evner.
Gratis-prologen til Life Is Strange 2, The Amazing Adventures Of Captain Spirit (PC, PS4, XB1), som kom i fjor, var blant fjorårets beste superheltsoger. I smakebiten fekk vi innblikk i ein avmektig kvardagshelt sine godarta maktfantasiar samt – kan hende – korleis det indre livet hans lekk ut i røynda. Ei langt betre superhelt-oppleving enn det repeterande og keisame Marvel’s Spiderman (PS4) som tross kompetent simulering av spindervevslynging ikkje var stort meir enn eit grunt, lett underholdande maskeradeball i New Yorks betongjungel.
Les også: Alle er jævlige i debutboka til «Cat Person»-forfatteren
No nettopp var regjeringa i Sambandsstatane stengd ned i ein månad eine og aleine på grunn av presidenten/smørbrødet sin fantasi om å byggje dette massive, slappe fallossymbolet sitt langs grensa til Mexico, det trumpske monumentet til ære for og minne om den djupe rasismen i Amerika. Denne muren får vi slengt verbalt etter oss gong på gong i Life Is Strange 2. Den som korkje har tolmod eller ope sinn kjem nok korkje til å spele eller like det, men eit framsteg for spelmediet er det uansett – eit viktig, progressivt spelnarrativ som inkluderer eit spekter av urett som går frå kvardagsleg profilering og slengmerknadar til drap og valdeleg fridomsrøving basert på fordommar om hudfarge.
Det heile stikk ein heil del djupare enn dei sporadiske samantreffa med Ku Klux Klan cowboysimulatoren Red Dead Redemption 2 byd på, der klanmedlemmene portretterast som klovneaktige klumsar som det har null konsekvens på «ære-meteret» ditt å knerte. Eit lite stykkje subtil antirasisme der, men mega-utviklaren Rockstar lyt nesten ta cowboyhatten av for Dontnods manglande ambivalens i rasismeportretteringa i Life Is Strange 2.
Kompromissløs progressivisme finn vi også hos indie-utviklaren Studio Fawn. Studio Fawn er ein indie-utviklar som sjølv er transperson, og som nettopp gav ut action-eventyret Bloom: Labyrinth – det tredje strevsame steget langs vegen mot eit større rollespel med transpersonen Ilana/Alon som protagonist. «Btw», som dei seier i ei pressemelding, «did you know there aren’t any prominent trans characters in RPGs?! Or action games?! I wanted to change that too.»
Vi lever i skumle tider, men det finst håp.
Les også: En pinne for Cacadou
Anbefalingar:
El trio
Deltarune (PC, Mac)
Fleire empatiske spelopplevingar er å finne i Deltarune, eit anagram for Undertale. Dette rundt regna tre timar lange, beint fram framifrå førstekapitlet av semi-oppfølgjaren til det enormt klassiske rollespelet frå 2015 startar med å informere spelaren om at ingen får velje kven dei er i denne verda. Dessutan er det gratis.
Dark Souls Remastered (Switch)
Undertale kom endeleg ut til Nintendos berbare konsoll i haust, men dersom all denne nestekjærleiken blir for mykje for deg kan du alltids bruke tida di på kvesting av demonar i Dark Souls Remastered, som òg endeleg kom ut til Switch mot slutten av fjoråret. Ja, no kan du omsider vandre gjennom Lordran og bryte med din manglande «humanity» når du er ute på farta, og det kan sanneleg anbefalast – iallfall for den tolmodige, småmasochistiske gameren.
Nohzdyve (ZX Spectrum)
Den interaktive Black Mirror-episoden Bandersnatch var eit finurleg, men til sjuande og sist tannlaust narrativt eksperiment. Det konkluderte eg med etter å ha vore oppe halve natta for å finne ut kor mange vegar soga kan ta. Heldigvis var det nokon andre som var oppe lenge nok til å finne avslutninga der hovudpersonen set kassetten med demoen av spelet sitt inn i walkmanen. Dei gjorde opptak av lyden, lasta lydfila inn i ein ZX Spectrum-emulator og blei presentert med ein QR-kode som leia til ein nettstad der ein kan laste ned Nohzdyve, eit spel som – som sett i Bandersnatch – handlar om å falle så langt ein kan med nasen først. Bandersnatch går neppe djupare enn som så.
The post Ikkje berre lek appeared first on NATT&DAG.
Image may be NSFW.Clik here to view.