Her er nokre av haustens premierer:
Det går betre no av Bjarte Tjøstheim og Thomas Giertsen
Frå 21. september, Det Norske Teatret
Bjarte Tjøstheim, ein av humorbransjens mest sympatiske folk, har laga teater om det å vere redd for det meste. Då han var barn vart han korsfesta av kameratane sine i hagen til naboen på Randaberg. Ikkje rart dette sette ein støkk i den unge prestesonen. Sidan den gong har han blitt ein av Norges morsomste og markert seg som ein habil manusforfattar med humorserien Presten.
Det å vere redd er menneskeleg og ofte er frykta heilt rasjonell, som då han fekk konstatert lungekreft – og hadde det i 24 timar – før det viste seg at det var ein annan sitt røntgenbilde. «Den største frykta er likevel å bli galen og at psykiateren skal seie han er klin kokos. Men da han først blei innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste staden å vere» står det i programmet til Det Norske Teatret. Tjøstheim har hatt med seg komikerkollega Thomas Giertsen i prosessen, men framsyninga vert sikkert bra likevel.
Passar for deg som er i overkant engsteleg og som likar Bjarte Tjøstheim.
Det går betre no – Det Norske Teatret from Det Norske Teatret on Vimeo.
Les også: Antiteateret har laget bra scenekunst, ja, årets beste faktisk
Image may be NSFW.
Clik here to view.
Barbie and Ken 4ever av Øystein Johansen
23. – 25. november, Black Box teater
Eg skuldar podcasten Serial frå 2014 av Sarah Koenig for å vere opphavet til true crime-bølgja som framleis rir samtlege strøymetenester. Alt same år, i 2014 laga Øystein Johansen ei rimeleg imponerande forestilling om seriemorderen Jeffrey Dahmer som blei satt opp på Black Box teater.
Når kriminalsaker frå det verkelege liv møter pustande, sveittande menneske av kjøt og blod på ei teaterscene kan resultatet bli sterk kost. Kongen av true crime på teaterscenen vender i år attende til Black Box med produksjonen Barbie and Ken 4ever. Framsyninga er basert på den sanne historia om dei to seriemordarane Paul Bernardo og Karla Homolka fra Toronto, Canada.
Frå utsida framstod dei som eit svært harmonisk kjærastepar, men bak gardinene var dei opphav til ei lang rekke bestialske overgrep og drap. Barbie and Ken 4ever undersøker maktkampen mellom dei involverte i desse grusomme handlingane: Paul, Karla og offeret. Kva får folk til å pine nokon i hel?
Passar for deg som vil ta true crime til eit nytt nivå.
Les også: Anbefalt: «The Great Pretender» er sår og smart scenekunst av ypperste kvalitet
Image may be NSFW.
Clik here to view.
Tusen takk teater av Angelina Stojčevska og Marco Reinertsen
Frå 19. oktober, Det Norske Teatret
Då eg først såg tittelen Tusen takk teater på lista over premierer i haust var eg sikker på at dette måtte vere Toralv Maurstad sitt farvel til teateret, ei festframsyning for å feire den lengste skodespelarkarrieren i norsk historie. Det viste seg i staden at Maurstad (91) står på scenen som Peer Gynt i haust og tilsynelatande har null planar om å legge opp.
I programomtalen til Det Norske Teatret står det at Tusen takk teater handlar om «Slanking, Nazisme, Burger King og kunst. Og litt av kvart anna.» Teksten er skrive av Marco Reinertsen og «kan minne om den indre monologen til ein mentalt ustabil person som hadde elska livet om ikkje samfunnet hadde lagt så mange hindringar i vegen heile tida. Politisk korrekte påstandar går i neste setning over i høgrevingpopulisme eller til å bli heilt meiningslause.»
Dette er alt vi får vite, men eg er vel villig til å gi det ein sjanse. Framsyninga er sett i scene av Regissør Angelina Josephine Stojčevska.
Passar for deg som er opptatt av slanking, nazisme, Burger King og kunst. Og bra, ny, norsk scenetekst.
Red. anm.: Forfatter Marco Reinertsen er film- og TV-redaktør i NATT&DAG og fast medlem av redaksjonen, men har ikke vært involvert i denne anbefalingen på noen måte.
Image may be NSFW.
Clik here to view.
Cheers! av Kristin Ryg Helgebostad
23.-26. november, Dansens Hus
Over til dansefeltet: Koreograf Kristin Ryg Helgebostad er det vel verd å følge med på i tida framover. Som tidlegare cheerleader for Frisk Asker Hockey har ho i sin nyaste produksjon laga ei framsyning om heiing. Cheers! er eit forvrengt cheerleadershow. Dansens Hus skriv i programmet at «heiing er en uforutsigbar kraft som styrker, svekker og aldri konkluderer med hva den faktisk heier på.
Heiing er kjærlighet og manipulasjon enten hver for seg eller sammen». Saman med klokkenist Laura Marie Rueslåtten vender Kristin Ryg Helgebostad – med sin cheerleadererfaring – tilbake til opphavet. Eg gler meg til å sjå klokkespel og cheerleading i ei og same framsyning.
Passar for deg med ein skrinlagt cheerleading-karriere. (Og sans for spennande dans.)
Image may be NSFW.
Clik here to view.
Johnny Johnson in #MyTool av Kate Pendry
25. august, Dansens Hus
Kate Pendry lagar forestillinger som gir meg tru på teateret som kunstform. Ho er best på noko svært få andre meistrar: det å skrive gode monologar og sjølv framføre dei. 25. august kan ein sjå Kate Pendry på Dansens Hus med framsyninga Johnny Johnson in #MyTool. Johnny Johnson-karakteren er eit av Kate Pendry sine alter-ego og har vore med henne i ei år- rekke.
Han er ein vanleg, heterofil, middelaldrande kar som ikkje har oppnådd noko som helst i livet. Denne gongen duk- kar han opp for å dele sine synspunkt på #MeToo-rørsla og alt som har hendt i kjølvatnet av denne. He’s no mansplainer, he’s yo brother.
Passar for deg som har mista (evt. aldri hatt) trua på teater som kunstform.
Les også: Ethan Hawke imponerer som radikalisert prest i «First Reformed»
The post Bjarte Tjøstheim, Burger King og Barbie er høstens scenekunstanbefalingar! appeared first on NATT&DAG.
Image may be NSFW.Clik here to view.