Quantcast
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879

Far Cry 5 byd på karismatiske forkynningar, sterke rusmiddel og ville vengjedraktstunt

Den pre-apokalyptiske landsbyliv-simulatoren Far Cry 5 (XB1, PS4, PC) går føre seg i førstepersonsperspektiv i fantasifylket Hope County i Montana, Sambandsstatane. I likskap med forgjengarane i serien, er det her tale om borgarkrigerske tilhøve i naturskjønne omgjevnader, og som seg hør og bør i eit Far Cry-spel, står ein antagonist med sterk personlegdom og sterke personlegdomsforstyrringar i sentrum for det heile.

Dette heile startar i det du og dine politi-kolleger avbryt Joseph Seed – karismatisk leiar for kristenkulten Eden’s Gate iført gule solbriller – midt ei preike for menigheita ved å vifte med ein arrestordre, og når du plasserer dommedagspredikanten i helikopteret treff skiten vifta: Du skjønar raskt kor ihuga og sjølvoppofrande flokken hans er når eit av kultusmedlemene som har klamra seg til flygemaskina saboterer arresten ved å late sin lekam stige rake vegen opp til rotoren og gjer kjøttsmoothie av seg sjølv.​

Og derifrå går det nedover – dette er ei mørk og brutal soge, men ein reinspikka opptur av eit spel. Etter å ha styrta og blitt stira ned av dei intense augo bak dei gule solbrillene, styrtar du ut i skogen med illsinte militante separatistmenigheitmedlemar som vil slå deg i hel hakk i hel. Du unngår å bli hakkebiff ved å lure i buskaset til kysten er klar, og kjem raskt i kontakt, som seg òg hør og bør i eit Far Cry-spel, med motstandsstyrkane.

Dermed kan spelet ta til for alvor.

LES OGSÅ: – To grusomme gufsespel! 

Hope County er ei fullstendig ope verd frå starten av. Kartet er delt inn i tre regionar, kvar styrt av eit av sektleiar-Seed sine spinnville sysken. Ved å utføre ymis aktivitetar – det meste frå innsamling av sædkjertlar frå forskjellige dyreartar som teneste for kokken som kokar måltidet til den årlege testikkelfestivalen, til å sprenge Eden’s Gates hallisunogenlager i lufta – med bruk av ymis våpen, vengjedrakter, fallskjermar og forskjellige transportmiddel til lands, til vanns og i lufta, byggjer du opp «resistance points».

Du vel sjølv kva for rekkjefølgje du vil gjere ting i, vanskegraden stig på organisk vis, og måten det sentrale narrativet (som handlar om antagonistane sine traumatiserte psyker, dei mentale og moralske skavankane som har leia dei inn i kultleiarkarrieren, og korleis dei hjernevaskar både deg og dei fleste andre) leggjast fram på er ganske finurleg. Så snart «motstandometeret» i ein region når eit visst punkt, blir du jakta ned av den aktuelle avdelingsleiaren sine handlangarar, slik at dei, ved hjelp av sine enormt karismatiske cocktails av hypnotisk ordkløyveri, tortur og narkotikum, kan freiste å redde sjela di.

Sonic Mania utgjer ein himmelsk nostalgitripp

«Souls do not reap themselves», som slagordet deira går.

​Slik oscillerer Far Cry 5 mellom grøss og gru og leik og moro. Ved sidan av det apokalyptiske narrativet, fungerer spelet òg som noko utviklaren kallar ein «anekdotemaskin». Dette kjenst som ei levande verd, eller nærare bestemt fylke, som ein kan grave seg inn i. Ein kan lytte til telefonsvararmeldingar i framande sine hus, og kan hende er det presidenten som har ringt for å fortelje om muren som skal reisast langs grensa for å få bukt med kanadiarane, eller til dommedags-lovsong komponert særskild for høvet på bilradioen der ein cruisar rundt i semitrailer med mitraljøse montert på grillen. Det er slike detaljar som gjer Far Cry, og soga – dels satire, dels parodi, litt sci-fi og ganske mykje harry action – vrenger seg ut med deg på innsida. Dessutan kan du invitere med deg ein ven på ferda: Heile sulamitten kan spelast i ein svært velgjort co-op modus, eller ein kan auke spelet si levetid etter at soga er over ved å rote opp elleville anekdotar i (dis)harmonisk samspel.​

Tre på topp

Skuggar frå fortida ​

PS2-klassikaren Shadow of the Colossus, eit unikum av eit David vs Goliat-eventyr på hesteryggen, er ute i totalrenovert utgåve til Playstation 4. «The shadow remains cast», som det heiter i hekse-hack’n’slash-spelet Bayonetta – både original og oppfølgjar er no ute på nytt til Nintendo Switch. Alle tre er verdt å stifte kjennskap – eller få eit gjensyn – med.

Ni No Kuni II: Revenant Kingdom (PC, XB1, PS4)

Fredsælt japansk rollespel om maktkamp mellom kattefolk og musefolk i kongeriket Ding Dong Bell, der du trer inn i rolla som mellom andre president i dimensjonsflyktigheit og barnekonge i landsflyktigheit samt familien flygande fjellpirat.

Sea of Thieves (XB1, Win10)

Dersom du vil vere sjørøver-kap’ten av den gode gamle sorten kan du sette segl i Sea of Thieves. Kjekkast for dei som har tilgjenge på vener som vil segle på det som må vere den mest overbevisande dataspelsjøen til no i vind og i blest, å hei fadderi fadderullan dei.

The post Far Cry 5 byd på karismatiske forkynningar, sterke rusmiddel og ville vengjedraktstunt appeared first on NATT&DAG.

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879