Quantcast
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879

Skuleprosjektet som vart ein av dei beste festivalane i Noreg

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Natt&Dag var på Malakoff Rockefestival på Nordfjordeid i helga. Dette er ikkje ein anmeldelse, heller ikkje ein blogg. Men kanskje eit forsøk på å forklare kvifor du bør ta turen dit neste år. Vi har derfor droppa å omtale dei verkeleg store navna. Bad Religion, Biffy Clyro og The Hives er imponerande bookingar, men vi har heller konsentrert oss om utvalet av dei litt mindre kjende banda som verkeleg understrekar kva dei har fått til i den vesle vestlandsbygda.

Malakoff er skuleprosjektet som verkeleg tok av, og 10 år seinare er vorte ein rockefestival med 20.000 besøkande. I år var festivalen utseld, kapasiteten på området pressa til det ytterste, og det er derfor kun kvaliteten som kan aukast dei neste åra. Og dei har ikkje så frykteleg mykje å gå på der heller.

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Det kan riktignok rettast ein ganske kvass peikefinger mot organiseringa rundt innsleppet til festivalen. Dårleg informasjon gjorde at fleire sat timesvis i feil kø, for så å site like mange timar i riktig kø. Ein kan stille spørsmål ved prioriteringa av teltplassar på 3x4 meter, der dei fleste telta dekka 2x2. Og mange vil nok finne det noko merkeleg at du må ut og stille deg i kø på nytt når du skal frå campingområdet til festivalområdet. Dette er ting som heilt klart bør forbetrast til neste år, men som fort vert tilgitt når ein endeleg kjem seg innom gjerda.

N&D sine utsendte fekk heldigvis ikkje sett køkulturen sin nevneverdig på prøve, men kunne relativt kvikt spankulere rundt mellom ølglade gutar og jenter med teltstenger i hytt og pine. Morten Abel orka vi rett og slett ikkje sjå endå ein gong, noko vi angra, for han gjorde visst eit forrykande show. Men vi kom oss i alle fall på Blood Command, og som navnet tilseier er det rock av hardaste slag. Det er altfor få rockeband her i landet med kvinneleg frontfigur, og for vår del tronar denne gjengen frå Bergen øverst, kanskje på delt plass med Djerv. Vi skulle gjerne skrive meir om konserten, men var rett og slett for opptatte med å rocke framom scena til å notere noko som helst. I rein utmattelse gjekk vi diverre glipp av Kaizers og, som visstnok gir seg etter sumaren. Men etter så mange år har vel dei fleste fått med seg rogalendingane sin skrallerock frå før.

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Lars Vaular var eit navn som overraska mange på plakaten. Det er trass alt Malakoff ROCKEfestival. Men akkurat det la ingen demper på stemninga, for heile Nordfjordeid hoppa rett opp og ned som ein sprettball, og sjølv om vi har sett han gjere sterkare konsertar skjedde det noko spesielt og fint når hiphop-artisten møtte rockepublikummet. Det tok rett og slett heilt av, og innan konserten nærma seg slutten var det knapt ein person som sat i amfiet bakerst ein gong. Ein særdeles sterk prestasjon av den etter kvart erfarne bergensartisten.

Laurdagen sitt solskinn gjorde teltet for varmt til å kunne fortsette det sørgjelege forsøket på å sove av oss heltefaktene frå natta i førevegen. Ein tannpuss, to karbonader, litt dametitting og eit par dovne øl seinare, var det tid for å gje seg laus på dagens første konsertar.

Etter eit år med konsertar, god omtale og P3-listing, tok gledesspreiarane i Casa Murilo til hovudscena, der det allereie hadde samla seg overraskande mykje folk til å vere første konsert. Det starta litt roleg med Show Some Restraint frå Lifting Ships, før det var på tide å verkeleg sjarmere publikum. Det var nok ikkje nødvendigvis slik at alle i publikum kjende alt av låtmaterialet frå før av, men ei festivalvenleg setliste som runda av med hiten Wrecking Ball gjorde til at allsangen sat laust heile vegen. Kombinert med eit strålande humør over heile området og steikande sol, spikra konserten seg fast som eit av våre musikalske høgdepunkt for helga.

Noko av det siste Chris Winfield i Casa Murilo sa før dei avslutta konserten, var at folk måtte hugse å sjå Hvitmalt Gjerde, som straks skulle spele på amfiscena. N&D var sjølvsagt hippe nok til å vite at det var lurt frå før, men vi håpar for andre sin del at dei fulgde rådet. Unggutane i Bergensbandet Hvitmalt Gjerde har det siste året fått musikklyttarar i de tusen hjem til å bli riktig så glade i surferock, for dei kan jo søren meg å spele. Til å byrje med var det litt tomt framfor scena, og folk ville heller sitte i amfiet, men då kvinnene ville danse swing til Skriker Til Meg fylde det seg litt meir opp. Dei har nok holdt betre konsertar og dei kjem nok til å halde fleire, men vi hadde det moro alle mann.

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Dei to søstrene i First Aid Kit har opparbeidd seg eit velfortent renomme med sin countryinspirerte visesang, og dei gav definitivt førstehjelp til alle som byrja kjenne vekta av alkoholen og sola. Dei spelte gjennom stort sett heile “The Lion’s Roar”, samt ein del nytt materiale, men med ein heilt annan energi enn frå albumet. Publikum dansa med Klara i blomekjolen sin, og rocka med Johanna som heldt ein av dei råaste oppvisningane bak eit keyboard vi har sett. Book dei igjen. Og igjen!

Ein kan kalle det trist at Black Debbath brukar talentet sitt til å lage politisk tullerock, men det er jo grådig tøff politisk tullerock i det minste. Og med Black Debbath veit ein kva ein får. Midt oppi tordentalar om runkesti og kjøkkenklutar, står Egil for quiz, venleg drittslenging om Nordfjordeid og anna fjas. Det er show frå ende til annan, og sjølv om det ikkje nødvendigvis skriv seg inn i historia som den beste konserten Malakoff har sett, så er det grådig moro å vere der.

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Godt utpå kveldinga kom konserten vi hadde gleda oss mest til å sjå. Kvelertak. Steintøft live, og vi stortrives til Bruane Brenn då ein gjeng tullingar bak oss får det for seg at så lenge trommene går fort kan ein godt slå laus på alle rundt deg. Det tar naturlegvis ikkje så lang tid før ein knyttneve treff ein av N&D sine eminente journalistar i bakhovudet og i den reinaste dominoeffekt smell ansiktet hans i bakhovudet på stakkaren framfor. Det såg nok komisk ut då det skjedde, men som fredelege og koselege konsertgjengarar er vi ikkje der for å få sprukken leppe og blod i heile munnen. Einkvar erfaren metalentusiast veit at moshpit’en helst skal føregå framom scena. Konserten endte fort og brutalt for vår del, og diverre med ein bitter blodsmak i munnen. Men kanskje akkurat slik Kvelertak ville ynskt det.

Takk for oss Malakoff, vi kjem garantert attende!

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879