Eit av dei snålaste fenomena i kvantefysikken syner at observasjon påverkar det som blir observert – partiklar kan òg oppføre seg som bølger, men det sistnemnde gjer dei mindre og mindre av dess meir dei blir observert, i følgje eit studium gjennomført på Weizmann Institute Of Science i 1998. I det framifrå sci-fi-noir-eventyret Observer (PC, PS4, XB1) speler Rutger Hauer – kjend som replikanten Batty i Blade Runner – hovudrolla som augmentert draumepolitimann.
Spelet bidreg dermed til å sette den rette cyperpunk-stemninga for denne Blade Runner 2049-orienterte dystopien av ein haust, og observasjon står òg sentralt i Hellblade: Senua’s Sacrifice (PC, PS4). Dette dystre hack-n-slash-eventyret som tar deg med til hovudpersonen Senua sitt personlege Helheim. Vi veit alle, djupt inne, at vår innstilling påverkar opplevinga av eksistensen, og i Hellblade blir miljøet stadig vekk endra av hovudpersonen Senuas synspunkt – ho er durkdreven på fenomen som pareidolia og mønstergjenkjenning.
Vi driv alle med denslags, men spelet bankar inn med teskje at det som står på dagsorden har er psykisk sjukdom – og det greske ordet for vanvidd, mania, slektar trass alt på ordet mantis, sjåar.
Les også: Hvor går egentlig grensa for hva som er greit i spill?
Sjølv om Sonic Mania (PC, PS4, XB1, Switch) utgjer ein himmelsk nostalgitripp tilbake til 90-talet og Sonic-spela frå 16-bit-æraen, kan livet i denne jammerdalen likevel støtt og stadig opplevast som eit helsike, eit himla kaos på så mange måtar – ein kan aldri vite kva for grufulle hendingar som ventar bak den neste knausen.
I tenåringsangstsimulatoren Life is Strange (2015) spelte du tenåringen Max, kunststudent med superkrefter: Ho kunne skru tida tilbake med reinspikka vilje for slik å navigere multiverset sine forgreiningar.
I oppfølgjaren Life is Strange: Before the Storm (PC, XB1, PS4) speler du tenåringen Chloe, som òg har superkrefter: Ho er ein ringrev når det kjem til kunsten å fornærme. Sci-fi-faktoren er dermed skrudd ned eit lite hakk, men som spelmekanisk grep relaterer det til det same fenomenet – handlingar har konsekvensar. Det heile er tufta på sommarfugleffekten, formulert av kaosteoretikaren Edward Lorenz: «Kan vengjeslaga frå ein sommarfugl i Brasil utløyse ein tornado i Texas?»
I så fall, kan det tenkjast at det at ein rev flagrar med sine to halar på Angel Island kan føre til ein storm i multiverset?
Sonic Mania startar i det ein brest i tid og rom blir observert på nemnde øy. Sonic og hans tohala revevenn, Miles «Tails» Prower, kastar seg sporenstreks på sitt propellfly og susar av garde for å undersøkje, men akk og ve, Dr. Ivo Robotnik kjem dei i forkjøpet. Den bartekledde oligarken, oppkalla etter tsjekkisk for tvangsarbeid og slaveri, er openbart interessert i å bruke The Phantom Ruby si enorme kraft til å gjennomføre sine megalomane planar om ny torturmessig underhalding i form av tomme, klisjeaktige prosjekt som fornøyelsesparkar, film- og tv-studio og casino.
Han er genial, men samstundes brutal og banal, egoman og stormannsgalen – eit klassisk vondsinna geni, ein arketyp som i kinesisk symbolikk blir knytt til den mytologiske sjuhala reven.
Tails kan, med sine to halar, òg oppfattast som eit fabeldyr, Sonic sin vesle magiske hjelpar. På tilsynelatande uforklarleg vis sender han ringar til venen sin med ljoshastigheit over lange avstandar, og det at han kan bruke halane sine som rotorblad for å fly som eit helikopter står ikkje fram som vidare realistisk frå eit antatt rasjonelt-vitskapeleg perspektiv. Sentralt i konflikten i Sonic-universet står kaossmaragdane, sju paradoksale gjenstandar, som om kaos og kosmos var eitt: Krystallar er trass alt materie i særdeles ordna strukturar. I det heile går det heile føre seg i ei verd der som motset seg sunt folkevett. Men som vi allereie har sett, sluttar dei fysiske lovane vi gjerne opplever som fundamentet for universets orden å operere som forventa når vi grev oss ned til kvantenivået.
Les også: De 8 mest sensitive stedene å spille Pokémon Go i Oslo
Kan det då tenkjast at Tails faktisk er ein sedvanleg antropomorf rev, som simpelthen har lært seg å bruke kvantemekanismer i kvardagen? Kan det tenkjast at han er samanfletta med sin pinnsvinven, lik dei heilsnåle tvillingatoma som reagerer gjensidig over umålelege avstandar raskare enn ljoset, og at han eigentleg berre har ein enkelt hale, men har meistra å inkorporere ein hale i ei annan tilstand frå eit parallelt univers i si eiga røynd?
Vi kan berre spekulere, men «Any sufficiently advanced technlogy is indistinguishable from magic», som sci-fi-forfattaren Arthur C. Clarke i si tid sa.
Dersom tre på topp fell i skogen
Cuphead (PC, XB1)
Run-n-gun i silkemjuk 30-tals-teiknefilm-2D-stil med hovudvekt på bossfights, dersom det er din kopp te.
Super Mario Odyssey (Switch)
Ny fargesprakande sopptur med den japansk-italienske rørleggjaren – i minst tre dimensjonar.
South Park: The Fractured But Whole (PC, XB1, PS4)
Ein ny sesong av den alltid dagsaktuelle animasjonsserien er godt i gang, og sidan forrige spelifisering var ei fredsæl reise kan det sjå ut til at vinteren blir storslege satirisk.
The post Sonic Mania utgjer ein himmelsk nostalgitripp appeared first on NATT&DAG.
Image may be NSFW.Clik here to view.