Quantcast
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879

Penisproblem

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Vi er mange som har løyst verdsproblem på seine og fuktige kveldar. Vi har kome opp med enkle og geniale løysingar, som ville endra verda for det betre med eit pennestrok. Matfordeling, religionar og territoriale konfliktar har verka ubetydelege til bakrusen innhentar oss, og vi innser at alt ikkje er like enkelt som vi såg for oss. Men kanskje det faktisk er nettopp det det er?

I går vart eg tilsendt eit kart som viser gjennomsnittleg penisstørrelse for dei fleste land i verda. Først vart eg skuffa over at svenskane tilsynelatande er ein halv centimeter betre skodd i senga enn oss, men vi er i alle fall godt innanfor gjennomsnittet på verdsbasis. Det mora meg og at Ungarn, der dei har mest sex i Europa, også kan skilte med kontinentet sitt heftigaste utstyr for jobben. Eg drog på smilebandet då eg såg at trass i alle ting som skil dei elles, er Nord-Korea og Sør-Korea genetisk programmerte til å dele på dei minste penisane i verda.

Det var først etter eg studerte kartet i større detalj, som ein kvar mann med ei respektabel interesse for kvar han ligg på skalaen ville gjort, det slo meg at eg sannsynlegvis sat med forklaringa på brorparten av problema i verda mellom henda. Eller beina.

USA, Russland og Kina er verdsleiande i sabelrasling, utøving av hegemoni, stikke nasa i andre sine saker, og generelt å opptre som dei litt ufordraglege sjefane av verda. India utfører mykje dei same øvingane, om enn på eit meir regionalt plan. Når ein tenkjer over at menn med eit sokalla “small penis complex” (SPC) ofte er kjende for å kompensere med luksuriøse bilar, opne lommebøker og generell sjølvhevding på andre sin kostnad, kjem det derfor ikkje som noko overrasking at desse fire landa klokkar inn langt under snittet i underbuksa. Bloggaren “Tyaeda” utmerkjer på www.ebaumsworld.com tre karakteristikkar for menn med SPC: finne på unnskyldningar, endre samtaleemnet, og vere aggressive. Vi treng ikkje sjå lenger enn til Snowden-saka for å sjå at dette stemmer godt om SPC på landsbasis også. Eg undrar dessutan på om det ville vore så dårleg stemning mellom dei ovannemnde Korea’ane om dei ikkje alle gjekk med eit mindreverdskompleks mellom beina.

På motsett side av penisskalaen finn ein land som Sudan, Congo og Columbia. Dette er heller ikkje område vi generelt forbinder med ro og mak. Medan dei mindre utstyrte tek ut frustrasjonen sin på verdsbasis kan det altså tyde på at dei som har noko ekstra å skilte med under lendekledet driv med sjølvhevding på eit meir lokalt plan.

Dette stemmer godt med teorien. Dei som veit dei har noko å fare med breier ut armane og tek føre seg, direkte og kontant. Sit ein derimot på hi sida av bordet finn ein meir utspekulerte måtar å kome i posisjon på. Nokre stikk fram nasa (eller penisen) nettopp fordi den er flott å sjå på, andre gjer det meste for at ein skal leggje merke til manglane.

At det for tida er frykteleg mykje bråk i Midt-Austen, der dei og heldt seg på snittlengda penismessig, tyder på at det kanskje finnest enkelte andre faktorar enn penisstørrelse som spelar inn på verdsfreden. Men eg er ikkje i tvil om at eg er på sporet av noko stort, eller lite, her.

Om du ønskjer å gjere dine eigne undersøkingar finn du heile det interaktive kartet her: http://www.targetmap.com/viewer.aspx?reportId=3073 

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879