
Natt&Dag er langt ifrå det urbane magasinet du skulle tru. I helga tok vi turen til den vesle bygda Hyllestad i Sogn for å vere med Leo Ajkic på Kvernsteinsrock. Han var konferansier og den store helten, trass i at han hadde med seg (lokalhelten) LidoLido, eit par meir eller mindre kjente lokale band, og nokre tjommiar frå Bergen.
Kvernstein er det ein kallar “hard rock” på engelsk. Det var det i hovudsak det Sunnfjordsbandet Spitfire (som du kan høyre på videoen) som sto for. Resten av arrangementet var ei særdeles gemyttleg affære. Det var i grunnen ein festdag for heile bøggda, med aktivitetar for born på dagtid, men N&D sine utsendte venta med oppmøtet til alkoholserveringa opna. Vi venta faktisk så lenge at vi gjekk glipp av det lokale jentebandet Arvandor, og kom seglande inn til å sjå LidoLido begeistre store og enno fleire små på bortimot heimebane. Peder Losnegård har nemleg familien sin frå staden. Det musikalske talentet gjekk ikkje upåakta hen, og fekk til og med medlem frå den lokale MC-banden til å danse. "Åidnnihelvetta, gutongjen kan jo faenmeg spele!"
Trass i tilknytninga måtte han dele stjernestatusen med kveldens konferansier, Leo Ajkic, som knapt kunne gå ein meter utan å ta bilete eller skrive autografar. "D'e crazy!", som han sa det sjølv. Leo hadde også med seg fleire frå NMG-gjengen. John Olav Nilsen & Gjengen hadde tatt turen frå Bergen, og trass i noko labert oppmøte framom scena ved konsertstart enda dei opp med å få tettstaden til å svinge fram og tilbake medan “Hull i Himmelen” strømma frå scena, og sola gjekk ned i havet. Direkte romantisk.
Avslutninga på festivistasen var metalbandet Spitfire, som gjekk ut som eit stadionband frå 90-talet, svinga mikrofonstativet, gjekk på kne, headbanga og køyrte eit salig lysshow til stor jubel (og eit par ristande hovud frå den eldre garde). Etterpå enda N&D sine utsende på lokalt nachspiel med heimelaga øl og konjakk. Ei skikkeleg bygdekule der altså. Tjohei!
Sjekk ut videoen vår eminente kameramann Ivar Nesheim har spikra saman frå kvelden (nachspiel ekskludert):