Quantcast
Channel: NATT&DAG
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879

I ro og max: I ei spelverd av skrotnissar utkledd for sexklubb, mekker Mad Max bil

$
0
0

LA MEG OPNE MED eit treffande sitat frå magasinet Cats nr 3/1992: «Da vi reiste til Benidorm […] hadde […] vår fotograf en merkelig drøm:

Tenk deg hvis du var den eneste overlevende etter en stor katastrofe, og at du bega deg ut på jakt etter mat og bensin. Du kjører hundrevis av kilometer, og så får du plutselig øye på en sort, skummel jeep i det fjerne.

Og så møter du henne.

Mad Max II.

Og dere er helt alene der ute under den stekende solen …

Resten kan du tenke deg selv, eller hva?»

Det kan du nok. Feminine kurver er ofte syn for såre augo. Det nye spelet Mad Max (Xbox, PS4, PC) er som balsam for augo, det óg. Mad Max er maskulin, og ser best ut dersom ein utstyrer honom med skjegg og vilt hår, der han styrer bilvraket sitt gjennom ei verd befolka av knusktørre skrotnissar konsekvent utkledd for spontane sexklubb-besøk – i Max Rockatansky sitt univers er alle klamme, slanke og tørste.

Mad Max køyrer galematias i flukt frå seg sjølv på venstre side av ikkje-vegen i postapokalyptisk Australia. Du, spelar av Max, er ute etter å fikse bilen, slik at du kan følgje din draum om å reise på bilferie, bort frå spelet si opne verd der søppel er eksistensen og eksistensen søppel, gjennom The plains of silence til ein betre stad. Ved eit slumpetreff har du støytt på ein mekanikar som har blitt fortalt av ein høgare intelligens korleis han skal pimpe bilvraket max – det kjem godt med i ei verd der dei fleste er ute etter å vrake køyretyet ditt ytterlegare.

(Det minner om slutten av 80-talet, då eg var med far på bilkrossrenn på Eikefett og fekk sjå menn rulle rundt i sanda – både framåt og sidelengs – i polyester-lappa folkevognbobler. Det var fett.)​

I DET ANDRE STORE ope verd-spelet lansert 1. september, Metal Gear Solid V: The Phantom Pain (Xbone, PS4, PC, 360, PS3), får du ri hest gjennom Afghanistan og høyre på musikk frå tidleg 80-tal på Walkman medan du snik deg rundt og mishandlar folk. Det er… Solid! Det er Mad Max óg, sjølv om han køyrer rundt i slarkete mekanikk. Både Mad Max og MGSV er store spel som best nytast sakte. Dei har til felles det at brorparten av speltida går ut på å ruste opp – Snake sankar troppane til krig, Max mekkar bil – før dei går inn mot mål mot slutten av spelet. Ein lyt, som i livet ellers, nyte prosessen.

«Det minner om då eg var med far på bilkrossrenn på Eikefett og fekk sjå menn rulle rundt i sanda.

Som kjend utfyller svart og kvitt kvarandre som yin og yang – det eine har inga meining utan det andre. Der Mad Max er tufta på Alexandr Rodchenkos maleri Non-Objective Painting #80 (Black on Black) (1918), refererer Metal Gear Solid V flittig til Moby Dick – den kvite spermkvalen – av Hermann Melville med Ishmael, Ahab, Pequod og flygande kvalar. Kval i lause lufta får du dessutan i Douglas Adams’ Hitchhiker’s Guide to the Galaxy, i form av ein litterær manifestasjon av slumpetreffet og søket etter meining. Adams’ framifrå eksistensialistiske humoreventyrspel Starship Titanic (1998) blei for øvrig nyleg nyutgjeve på nytt på GOG.com, komplett med Monty Python-stemmer.

SYNS DU DET forrige avsnittet var for dumt, bør du ta ein titt på tenåringsangst-horror-eventyret Until Dawn (PS4), med Stellan Skarsgård i rolla som formyndande underbevisst terapeut. Her speler du ei horg stokk dumme ungdommar på hyttetur. Dei er døydeleg uintelligente. Eg trudde dei var for dumme, at spelet var urealistisk, heilt til eg hamna på ein buss like etter vidaregåande skuletid …

Until Dawn tar opp tema som flokkmentalitet, altruisme og prestasjon under press. Det kan gå bra eller mindre bra, avhengig av kor dum du er – spelet er i grunn ganske smart.

TOPP TRE FOR ØVRIG
1.
 Shadowrun Hong Kong (PC)
Interdimensjonell kybernetisk multikulturalisme i fredsælt cyperpunk-univers.

2. Stasis (PC)
Uavhengig sci-fi-eventyr i spelestilen til gode, gamle Sanitarium (1998).

3. Forza Motorsport 6 (Xbone)
Dersom du krev virtuell bilkøyring i velstelt bil på asfaltert veg.

The post I ro og max: I ei spelverd av skrotnissar utkledd for sexklubb, mekker Mad Max bil appeared first on NATT&DAG.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4879