Dersom du har eit etisk prinsipp eller to i livet har du nok òg møtt dei menneska som ikkje har dette. Desse vil klaga deg for å ikkje vera konsekvent. Har du som prinsipp å kjøpa rettferdig kaffi kritiserer dei deg for at du ikkje kjøper rettferdig sjokolade. Om du prøver å halda deg borte frå palmeolje konfronterer dei deg med at det nok var palmeolje i den sjokoladen du åt den gongen. Menneske utan moral bryr seg ikkje. Dei vil gjerne konfrontera oss med at me uansett vil måtte bryta prinsippet før eller sidan og dei prøver å få oss bort frå alle moralske prinsipp fordi me ikkje kan vera «konsekvente».
Dei ser sjeldan eller aldri årsaken til prinsippa i kvitauget. Målet er å latterleggjera. Målet er å rettferdiggjera sine eigne ryggmargslause haldningar i møte med prinsipp og sterk vilje. Dette er bøller som er ute etter å håna dei som har det dei ikkje har: Evna til etisk refleksjon!
Det eksisterer ein slags logikk om at ein aldri kan bry seg om nokon eller noko med mindre ein bryr seg om alle i heile universet, og aller helst samtidig.
Slavane av konsekvent-tvangstankane meiner det er inkonsekvent å eta fisk når ein ikkje et kjøt, dei meiner at ein ikkje kan vera mot kvalfangst når det er så mykje styggedom i landbruket. Ein gong var dei ei som sa at ho ikkje ville gå i fakkeltoget mot pels fordi ho åt kjøt!
Les også: Kjøttfritt kosthold: Et dødelig prosjektil inn i den bedagelige middagssamtalen.
Det eksisterer altså tydelegvis ein slags logikk om at ein aldri kan bry seg om nokon eller noko med mindre ein bryr seg om alle i heile universet, og aller helst samtidig. Dersom ein gjer berre noko godt er ein inkonsekvent, og då er det visstnok betre å ikkje bry seg i det heile?!
Nokre går på limpinnen og lar vera å gjera det som er rett og godt fordi ein ikkje kan gjera absolutt alt som er rett og godt samtidig.
Du må dessverre mishandla katten til døde fordi det føregår systematisk mishandling i landets pelsfarmar.
Enkelte menneske er som besett av ideen om at ein alltid må vera konsekvent. Kvar har folk desse tankane frå? Kven seier at me alltid skal vera konsekvente? Skal me verkeleg følgja tankegongen må dei som et kyr òg eta kattar, sniglar og mygg. Elles er dei ikkje konsekvente. Et du brød må du eta gras og mose òg, for elles er du ikkje konsekvent planteetar. Du må dessverre mishandla katten til døde fordi det føregår systematisk mishandling i landets pelsfarmar. De som les dette ser sikkert kva for absurd logikk dette er. Tenk på det, konsekventslavar! Bodskapen dykkar er verdilaus og ulogisk!
Det er vanskeleg å vera etisk konsekvent. Spør du meg går det heilt fint om du bevisst unngår å kjøpa varer med palmeolje og du kan føretrekka rettferdig kaffi i butikken. Samstundes kan du slurpa i deg familiebesøkets kaffi som ikkje er FairTrade og tygga i deg kompisens kjøpebollar med nokre milligram palmeolje. Du må ikkje vera konsekvent på alt. Det er det ingen av oss som er!
Spør du meg går det heilt fint om du bevisst unngår å kjøpa varer med palmeolje og du kan føretrekka rettferdig kaffi i butikken.
Det er sjølvsagt menneskeleg å generalisera, men ein treng ikkje overdriva. Skal ein oppnå eit etisk forbruksmønster over tid, er det vanane som gjeld. Dei fleste av oss har ein viss moral og kan setja grenser i etiske spørsmål.
Konklusjonen min er at ideen om å vera konsekvent er farleg tankegods som hindrar oss vanlege menneske i å ha naturlege etiske prinsipp (som kan brytast i visse tilfelle). Det er betre å vera etisk og inkonsekvent enn å vera konsekvent likegyldig!
Dette innlegget ble opprinnelig publisert på kronikkforfatterens blogg og er gjengitt med tillatelse.
The post – Heller etisk og inkonsekvent, enn konsekvent likegyldig appeared first on NATT&DAG.
Image may be NSFW.Clik here to view.
